Ei av verdenslitteraturens mest gripande historier, berømt som musikal, er i denne versjonen ikkje musikal, men i ein rå teaterform. Framsyninga har alt hatt premiere i Danmark, der ho fekk strålande kritikkar og blei smykka med den gjæve teaterprisen Reumert for Årets Samspil.
I kjent stil for regissør Kjersti Horn er framsyninga som eit einaste langt one-take-filmopptak, der publikum får sjå skodespelarane heilt tett på på ein storskjerm som dekker store delar av scenen. Her blir Les Misérables eit epos om å forsøke å vere eit godt menneske for einkvar pris. Det er radikal historieforteljing, ein blottlagt teaterleik og ein påminnar frå ei anna tid om å halde fast i det som til alle tider er viktigast: medmenneskelegheit.
Fange nummer 24601
Les Misérables er historia om straffefangen Jean Valjean som stel eit brød til søstera og barna hennar som svelt, og må bøte for dette resten av livet. Det handlar om ein mann som ikkje har ein sjanse i eit system som blindt følger reglane, også når dei er urettferdige. Handlinga strekk seg over ein periode på over 17 år frå 1815, og kulminerer i 1832 med det franske juniopprøret.
Ei historie om utanforskap
Teatersjef og regissør Kjersti Horn har gjennom karrieren engasjert seg intenst i det ho kallar utanforskap. Dei som ikkje er ein del av fellesskapen fordi dei ikkje kan, og felleskapen ikkje vil.Her gir ho nytt liv til det samfunnskritiske eposet, og sørger for at vi ikkje kan sjå bort fra alt det og dei miserable vi – og samfunnnet vårt – har skapt.